Folkehelse

God Helse er namnet på Fjord kommune si satsing på folkehelsearbeid. Vi ønsker å fremme helsa til innbyggarane i kommuna vår gjennom aktivt helsefremmande, førebyggande og inkluderande arbeid. Klikk på lenkene under for å lese meir.

Auka fysisk aktivitet
Ansvarleg rusmiddelkultur
Sunnare kosthald
Psykisk helse
Utjamning av sosiale forskjellar
Redusert bruk av tobakk
Folkehelseoversikt

 

Satsing i fylket

Satsinga på folkehelse i fylket skjer gjennom partnarskapsavtalar og samarbeid med kommunar, skular, frivillege organisasjonar og offentlege etatar. Målet er at flest mogeleg lever eit godt liv og meistrar sin eigen livssituasjon best mogeleg. Dette kan du lese meir om i Regional delplan for folkehelse.

Grunnlaget for helsa vår vert lagt i dei daglege rutinane i heim, skule, arbeid og fritid. I tillegg kjem strukturane for lokalmiljøa, med til dømes gang og sykkelvegar, gode møteplassar, samferdsel, helseteneste, idrettsanlegg, kulturaktivitetar, tilgang til friområde og friluftsliv.

Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Valldal frivilligsentral
E-post
Telefon 41 86 78 06