For deg som er barn eller ungdom

Når ting blir vanskeleg kan det verke som om heile verda er i mot deg, og at du er den einaste som har det sånn. Det kan vere mange ting som er vanskelege å handtere aleine. I Fjord kommune er det mange vaksne som arbeider med barn og ungdom som du kan ta kontakt med om noko er vanskeleg.  

Kven du kan snakke med i Fjord kommune?

  • Snakk med ein vaksenperson du stoler på. Det kan vere ein lærar eller andre vaksne ved skulen, trenaren i idrettslaget ditt, ein vaksen i korpset, eller foreldre til ein god venn.  
  • Skulehelsesøster har faste dagar ved skulen. 
  • Barnevernet har vakttelefon 

Sjølv om den du snakkar med kanskje ikkje er den som kan hjelpe deg best, kan han/ho hjelpe deg til å kome i kontakt med rett person. Gå til den du synest er lettast å snakke med. 
 

Kven andre du kan snakke med?

  • Alarmtelefonen tlf. 116 111 Gratis naudtelefon for barn og vaksne
  • Mentalhelse.no tlf. 116 123 Telefon- og netteneste for alle som treng nokon å snakke eller skrive med.
  • Sidetmedord.no Døgnopen teneste 
  • Kors på halsen  På Kors på halsen kan du prate med, eller skrive til, vaksne som er frivillege i Røde Kors. Dei høyrer på det du har å sei og hjelper deg om du vil. Det er heilt anonymt og heilt gratis. Dei svarar på telefon, chat og e-post måndag til fredag mellom klokka 14:00 - 22:00.
  • Politiet på telefon 112

Informasjon om ulike tema 

Videoklipp

Aina Holmberg
Barnevern - Einingsleiar
Telefon 46 41 10 65