Praktisk informasjon

Lokalitetar

På Valldal skule held SFO til saman med småskulen. Vi nyttar kjøkken/opphaldsrom, leikerom og klasse-/grupperom. Elevane nytter klasse- garderobane. Enkelte dagar bruker vi også fellesarealet på småskulen.

Opningstider

Åpningstider SFO - Valldal skule
Dag Tidspunkt
Måndag, onsdag og fredag Kl 0720 - 0830 og kl. 1410 - 1620
Tirsdag (oddetalsveker) og torsdag Kl 0720 - 1620
Skuleferiar Kl. 0720 - 1620

Måltid

Måltid - SFO Valldal skule
Måltid Kva gjer vi
Frukost Dei som ikkje har ete frukost heime får gjere det fram til kl.08.20. Matpakke.
Lunsj Ca. kl. 10.45. Eigen matpakke.
Frukt Alle dagar mellom kl. 14.10 og 14.30 har vi litt frukt eller eit lett måltid. Dei som vil kan ta resten av matpakken.

Smørjemåltid

Ein tysdag og ein torsdag i månaden vil det bli smørjemåltid til lunsj ved SFO. Treng ikkje ta med matpakke. Dette gjeld perioden haust/vinter (omlag etter haustferien og fram til påske).

Betaling måltid

Betaling for mat er ikkje inkludert i SFO-betalinga og kjem i tillegg, blir fakturert kvar månad. 

Kjøp av ekstra timar

Det er mogleg å kjøpe ekstra dagar/timar utanom fast plass dersom SFO har ledig kapasitet/bemanning. Dette må avtalast på førehand. Det er ikkje mogleg å byte dagar. 

Liv Marit Indreeide
Merkantil drift skule og SFO
E-post
Telefon 41 86 78 42
SFO Valldal skule
Telefon 41 86 78 46
Kristin Kjerstad Håseth
Inspektør
E-post
Telefon 41 86 78 47