Skule LOS

Skule LOS er eit tiltak knytt til skulefråvær i Fjord kommune. Skule LOS kan hjelpe til med individuelle tilpassingar for å auke oppmøte, trivsel, meistring og betre skuleprestasjonar.

Det er også viktig å legge til rette for å kunne delta i det sosiale i skulekvardagen og på fritida. Skule LOS kan vere «stifinnar» og hjelpe til med å bidra til godt samarbeid mellom den enkelte elev, føresette, skule og eventuelt andre instansar det kan vere naturleg å samarbeide med.

Har du behov eller lurer på om skule LOS kan hjelpe deg med noko, ta kontakt med din rektor eller lærar på skulen, eller ta direkte kontakt med skule LOS.

Ragnhild Bjørstad Vikene
Skule-LOS
E-post
Telefon 41 86 78 35