Søknad om lengre skulefri

Link til elektronisk søknadskjema. Viktig at ein søkjer i god tid!

Kontaktlærar kan gi fri frå skulen inntil 3 skuledagar. Ut over dette må det søkjast på elektronisk skjema. 

Opplæringslova § 2-11 "Permisjon frå den pliktige opplæringa".

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.