Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Alle kommunar skal i følgje Opplæringslova ha ei pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Fjord kommune kjøper PPT-tenester med Ålesund kommune. 

Kort fortalt

PPT undersøker om barn og unge kan ha behov for ekstra hjelp i barnehage og skule. Dersom du som forelder eller føresett er bekymra, kan du ta kontakt med skulen eller barnehagen. 

PPT skal hjelpe barn, elevar, lærekandidatar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og vaksne med særleg behov for tilrettelegging. Føremålet er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PP-tenesta skal også hjelpe barnehagar og skular med å legge til rette for barn og elevar med særlege behov. 

Les meir om tenesta på Ålesund kommune sine nettsider