Kommunen har ei rettleiingsplikt overfor dei som ønsker å etablere ny barnehage eller utvide eksisterande drift.
Før en barnehage kan settas i drift, må den godkjennast av kommunen. Kommunen avgjer søknad om godkjenning av barnehagar etter ei konkret vurdering av barnehagen er eigna i forhold til formål og innhald. Kommunen kan ved godkjenning sette vilkår for drifta med omnsyn til talet på barn, barna sin alder og opphaldstid. Barnehageeigar forpliktar seg til å drive virksomheita i tråd med gjeldande regelverk, både med hensyn til pedagogisk innhald, helse, miljø og sikkerheit. Krava er mellom anna:
- Barnehagen sine vedtekter skal mellom anna gi opplysningar om formål, opptakskriterier og opningstid
- For å sikre samarbeidet med barna sin heim skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval
- Barnehagen skal føre internkontroll
Ved store aktivitetsendringar i eksisterande barnehagar må det søkast ny godkjenning.
Søknad om godkjenning av barnehagen etter Lov om barnehager §10 blir behandla av kommunalsjef oppvekst og kultur.
Kommunen har plikt til å behandle søknaden så snart som mogleg. Dersom søkanden ikkje kan avgjerast innan ein måned, skal du ha skriftleg svar om grunnen til dette, med opplysning om når ein antek at vedtaket vil bli fatta.
Søkjar har elles rett til å sjå alle dokument i den aktuelle saka, samt rett til å klage på vedtaket i saka.
Når barnehagen er godkjent og i drift, gjennomfører kommunen jamnleg tilsyn med at gjeldande lov og regelverk blir fulgt.
Kriteriar og vilkår
- Barnehagen skal drivast på regelmessig basis og minst eit av barna har eit opphald på meir enn 20 timer i veka
- Talet på barn som er til stades samtidig er ti eller fleire når barna er tre år eller meir, eventuelt fem eller fleire når barna er under tre år
- Virksomheita skal utførast mot godtgjerdsle
- Den som er ansvarleg for bygget eller den daglege drifta, må sørge for at det blir utført ei radonmåling.
Om søknadsprosessen
Kommunen gir deg rettleiing om kva godkjenningar/uttalelsar du som barnehageeiger må innhente før barnehagemyndigheita kan godkjenne barnehagen. Du bør derfor kontakte kommunen tidleg for å få informasjon om kva krav kommunen stiller.
Private aktørar som har planar om å bygge barnehage, må ha konkrete og eigna forslag til tomt eller bygning som kan nyttast til barnehage, herunder plan om eigarform, driftsform og talet på barn og tilsette. Den som skal arbeide i barnehagen, samt eigar av barnehagen, må legge fram tilfredsstillande politiattest.
Før igangsetting av prosjektet må det avklarast om barnehagen vil kvalifisere for offentleg finansiering frå kommunen.
Når eigar har fått tilsegn om kommunalt tilskot, skal det søkast om godkjenning av barnehagen etter Lov om barnehager §10.
Søknad om godkjenning må innehalde:
- Planteikning av barnehagen
- Teikningar av uteareal
- Parkeringsplassar
- Vedtektene for barnehagen
- Bemanningsplan
- Politiattest
Søkar må vere merksam på at det også må søkast om godkjenning etter Forskrift om miljøretta helsevern
Kvar skal søknaden sendast
Fjord kommune
Pb. 144
6211 Valldal
Saksbehandling
Søknad om godkjenning av barnehagen etter Lov om barnehager §10 blir behandla av kommunalsjef oppvekst og kultur.
Kommunen har plikt til å behandle søknaden så snart som mogleg. Dersom søkanden ikkje kan avgjerast innan ein måned, skal du ha skriftleg svar om grunnen til dette, med opplysning om når ein antek at vedtaket vil bli fatta.
Klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottek vedtaket. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har fatta vedtaket. I klagen skal du angi kva du ønsker endra i vedtaket og begrunne dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Lover og forskrifter
Lover
Retningslinjer
Forskrifter
Tilsyn med barnehagar
Kommunen skal føre tilsyn med at alle kommunale og private barnehagar følger det som er bestemt i barnehagelova og i forskrift om miljøretta helsevern. Kommunen fører også tilsyn med barnehagen sitt innhald og kvalitet.
Tilsyn kan gjerast gjennom skriftleg dokumentasjon frå barnehagane og ved tilsynsbesøk i barnehagen. Det er ikkje bestemt kor ofte og korleis tilsynet skal gjennomførast.
Dersom det blir oppdaga uforsvarlege eller ulovlege forhold i tilsynet kan kommunen gi pålegg om at dette skal rettast opp innan ein gitt frist. Dersom fristen ikkje blir overhalden, kan kommunen stenge barnehagen for ei periode. Dersom forholda ikkje lar seg rette, kan kommunen vedta at barnehagen blir stengt permanent.
Barnas miljø i barnehagene
Tilsyn etter forskrift om miljøretta helsevern omhandlar mellom anna inneklima, smittevern, sikkerheit, hygieniske forhold, internkontroll og andre helsemessige faktorar. Barn skal vere beskytta mot risiko i barnehagen, og har rett til eit helsefremmande miljø. Det er kommunen si helsetjeneste som fører tilsyn etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular.
Andre instansar som kan føre tilsyn med barnehagane
Brannvesenet, Mattilsynet og Arbeidstilsynet kan også føre tilsyn med barnehagane innafor sitt område. I tillegg blir det ført tilsyn med barnehagane sitt uteområde etter forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr.
Vil du vite meir?