Generelt om barnehagen

Syltebøen barnehage er ein kommunal barnehage med  fire avdelingar. Barnehageåret 2022/2023 har vi ca. 52 barn.

Barnehagen er i ein ombyggingsprosess der vi skal utvide barnehagen med ei ny avdeling og oppgradere delar av den gamle. Vi har i dag for liten plass i dei tre opprinnelege avdelingane (Syltefjellet, Ormula og Valldøla), så vi brukar no Elvetun som midlertidig lokale for den fjerde avdelinga. Ombyggingsprosessen har planlagt oppstart vinteren 2023.

Vi har godt kvalifisert bemanning i barnehagen. Vi har einingsleiar med barnehagefagleg bakgrunn, nok oppdekking av utdanna pedagogiske leiarar og dyktige medarbeidarar i barne - og ungdomsarbeidarar og assistentar. Vi har også ei god og stabil gruppe vikarar som stiller opp for oss. Det lovar også bra for framtida at to av våre tilsette er i gang med barnehagelærarutdanning

Visjonen vår er 
«Saman i leik, undring, meistring og læring»

For oss betyr dette at vi vil legge til rette for leikprega aktivitetar der barn og vaksne deltek og opplever undring, meistring og læring i eit trygt psykososialt miljø.

Syltebøen barnehage er miljøfyrtårn, og alle er svært engasjert i dette arbeidet.
Syltebøen barnehage
Telefon 41 86 78 81

Adresse

Olavsgata 20
6210 Valldal

Åpningstider

Måndag - fredag kl. 07.00 -16.30