Ny i barnehage

Det er foreldra og personalet i barnehagen som saman skal gi barnet den beste starten i barnehagen. Ei tilknytning må skje på barnet sine premissar og det skal vere tett dialog mellom personalet og foreldra.

Tilknyttingsperioden i Stordal barnehage

Små barn har eit grunnleggande behov for å føle seg trygge, og det gjer dei kun når dei er saman med vaksne dei kjenner, og som dei har etablert ein nær og positiv relasjon til.

I tilknyttingsperioden treng barnet at foreldra bidrar til at barnet fører tryggheit frå relasjonen til dei, over til personalet i barnehagen. Dette gjer foreldra ved å hjelpe personalet med å forstå barnet sine signal og uttrykk ved å sette ord på desse, og å støtte opp under samspel mellom barnet og den nye vaksne.   

Personalet vil på ein sensitiv måte nærme seg barnet, medan barnet framleis kan ha foreldra som si trygge base. Det er viktig å ha tiltru til barnehagen og stole på at personalet vil takle dei ulike situasjonane som kan oppstå under ei tilknytting. Personalet i barnehagen er proffesjonelle i å avleie dei minste.

Alle barn/familiar er unike, derfor er aldri ei tilknytting lik. Alt frå 3 dagar,  3 veker og 3 månader er normalt for ein tilknyttingsperiode.

Viktig når du skal gå i frå barnet ditt:

►Smil!

►Sei alltid i frå når du går! Ikkje lur deg vekk når det går bra. 
Då vil barnet leite etter deg og ikkje finne deg, det er inga god oppleving.

►Barnet speiler deg. Om du er utrygg og ikkje har lyst å forlate barnet, så vil barnet merke det. Om du viser at det er trygt for barnet å vere her, så vil barnet stole på det. Barnet har full tillit til deg som forelder.

►Om du er usikker på om det går bra, ring oss eller send oss ein SMS og vi vil svare deg.

►Vi tek alltid kontakt om barnet ikkje roar seg og ikkje har det bra!