Fjord kommune

Foreldreråd og SU

Foreldreråd og SU

Barnehagen skal ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval.

Samarbeidsutvalet (SU) skal vere eit rådgivande, kontaktskapande og samordna organ. Utvalet skal særleg vere med å drøfte barnehagen sitt ideelle grunnlag, og samarbeide for å fremme kontakt mellom barnehagen og lokalsamfunnet. Samarbeidsutvalet skal alltid godkjenne årsplanen for kvart år.

Foreldrerådet består av foreldra/føresette til alle borna i barnehagen.

Samarbeidsutvalet har 6 medlemmer: 2 valde av foreldrerådet, 2 valde av dei tilsette og 2 representantar frå eigaren.

Funksjonstida for eigarrepresentantane er 4 år og følgjer valbolken.

Dei 4 andre fungerer eitt barnehageår i gongen. Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv.

Kommunene sin representant sit i SU for 4 år i gongen,dei andre sit for 1 år i gongen. Styrar er alltid sekretær.