Bursdag i barnehage

Barna får velje mellom desse aktivitetane:
Aktivitetar på gymsal, inne eller ute som barnet vel: Gymsal aktivitetar, diskotek og dans, skattejakt, tur, gøyme og leite mv.

Foreldra er einige om at i høve gebursdagar skal barnehagen fokusere på markeringa – gjere stas på barnet under krone seremoni og aktivitet.
Sjølve maten skal tonast ned, men litt kos må det vere, så barna får kvar sin is.

Slik vert dagen lagt opp i forkant, og på bursdagar

I samarbeid med barna, dekorerer personalet krone til bursdagbarnet i forkant. Bursdagsbarnet får sjølv vere med på å bestemme kva han/ho vil ha på krona si, kanskje eit spesielt bilete eller ein farge som er godt likt. Bursdagsbarnet får og i forkant bestemme ein aktivitet som han /ho vil gjere.

Kronestol på kvar avdeling der barnet får kappe og krone på hovudet, og vi syng for jubilanten og sender opp rakettar etter kor mange år han/ho er.

Det vert hengt opp flagg og bilete av bursdagsbarnet utanfor døra den aktuelle dagen. Dei andre barna får seie gode ord til bursdagsbarnet som vert skrivne ned og satt i permen.

Alle barna får ein ispinne som barnehagen kjøper inn på konto for smørje måltid /mjølk/frukt.