Skatt til gode

Skatteetaten varslar deg på e-post/sms når skatteoppgjeret ditt er klart, les meir her. Pass på at kontaktinformasjonen din er oppdatert - det gjer du på norge.no.

Har du pengar til gode, får du normalt desse på konto innan tre veker etter den datoen du finn øvst i høgre hjørne på skatteoppgjeret ditt. Skattemeldingane blir handsama løpande ved skattekontora, og dei sender oppgjeret til deg så snart det er klart. Utbetaling skjer løpande.

I sjølvmeldinga du mottok i mars/april, er det gjeve opp kva for konto pengane vert overført til.

Feil konto?

Fram til 15. mai kan du endre kontonummer sjølv.  Slik endrar du kontonummer for utbetalt tilgodebeløp

Om det ikkje er oppgjeve nokon konto, vil du få tilsendt eit utbetalingskort i posten til di folkeregistrerte adresse.

Dersom fristen for å endre kontonummer elektronisk er ute, eller dersom kontonummeret du ønskjer å nytte ikkje er registrert, kan du kontakte skatteetaten som har skatteoppkrevingsoppgåvene.

Skatteetaten .no
Telefon 800 80 000

www.skatteetaten.no