Personleg skattytar

Privatpersonar, sjøvstendig næringsdrivande og deltakarar i ansvarlege selskap (ANS) er personlege skattytarar.

Når Skatteetaten har behandla skattemeldinga (sjølvmeldinga) di, får du eit skatteoppgjer. Det er då du får vite om du får penger igjen på skatten, eller om du må betale restskatt. 

Skatteoppgjer for personlige skattytere

Tilleggsforskot

Du får rentetillegg på restskatten. For å unngå dette, kan du betale tilleggsforskot innan 31. mai.

Slik betaler du restskatten

Du vil i god til før forfallsfristen, få tilsendt faktura med betalingsinformasjon. Elektroniske brukarar får faktura med betalingsinformasjon i Altinn. Er du ikkje elektronisk brukar, får du tilsendt fakturaen i posten.

Sjølv om du ikkje har motteke giroen, skal du likevel betale til forfall.

Informasjon om betalingsfrist og betaling finn du på skatteetaten si nettside.

Dersom du betalar for seint

Dersom du betaler for sent, må du betale forseinkingsrenter i tillegg til restskatten. Renter vert rekna frå betalingsfristen og fram til betalinga skjer.

Dersom du ikkje betalar

Du må betale sjølv om du er ueinig i kravet. Sjølv om du klagar på skatten, skal restskatten betalast ved forfall. Dersom du får medhald i klaga, vil du få pengane tilbake dersom vi ikkje brukar tilgodebeløpet til motrekning.

Dersom du framleis ikkje betalar, har Skatteetaten plikt til å prøve å få dekka kravet.
Verkemidla skatteetaten har har er:

  • motrekning
  • utleggstrekk
  • utleggsforretning
  • tvangssalg
  • konkursbegjæring

Gebyr og/eller betalingsanmerkning kjem i tillegg.

Klage

Klagehandsaming etter skatteoppgjer:

Postadresse:   
Skatt Midt Norge
Postboks 2060
6402 Molde

Telefon:            80 08 00 00, frå utlandet +47 22 07 70 00
e-post:             skattmidt@skatteetaten.no      

Skatteetaten .no
Telefon 800 80 000

www.skatteetaten.no