Eigedomsskatt

Eigedomsskatt

Fjord kommune har eigedomsskatt på verk og bruk. Utskriven eigedomsskatt utgjer 7 promille. Eigedomsskattelista vert lagt ut til høyring i 6 veker kvart år. Frist for utskriving av eigedomsskatt er 1. mars. Klagefrist er 6 veker etter utsendt skattesetel.

For eigedomsskatteåret 2021 skal Fjord kommune skrive ut eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 3 bokstav c, det vil sei « berre på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet  og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum ». Utskrivingsalternativet omfattar også flytande oppdrettsanlegg, jf. eigedomsskattelova § 4 tredje ledd.

Kommunestyret gjentek vedtak frå 2020 der ein vedtok at skattesatsane i Fjord kommune skal harmoniserast i tråd med reglane i eigedomsskattelova § 13 nytt tredje ledd med ein fast opptrapping av satsane fordelt likt over ein overgangsperiode på tre år. Skattesatsen for skattepliktige eigedommar i gamle Norddal skal vere 7 promille i heile overgangsperioden. Skattesatsen for skattepliktige eigedommar i gamle Stordal kommune skal vere 2 promille i 2020, 4 promille i 2021 og 6 promille i 2022.  Fjord kommune skal ha ein felles, harmonisert sats i heile kommunen på 7 promille frå skatteåret 2023.

Kommunestyret vedtek at det i eigedomsskatteåret 2021 i gamle Norddal kommune i tillegg skal skrivast ut eigedomsskatt på eit «særskilt fastsett grunnlag» etter overgangsregelen til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 første ledd. Det særskilte grunnlaget skal trappast ned over sju år og i 2020 være lik 5/7 av differansen mellom eigedomsskattegrunnlaget i 2018 og 2019 som er forårsaka av nye verdsettingsreglar og at produksjonsutstyr- og installasjonar ikkje skal reknast med i grunnlaget for verk og bruk som frå og med 2019 er ansett som næringseigedom.

Kommunestyret vedtek at det i eigedomsskatteåret 2021 i gamle Norddal kommune skal skrivast ut eigedomsskatt på bygg og tomt for verk og bruk som frå og med 2019 er ansett som næringseigedom, så langt desse var omfatta av eigedomsskattegrunnlaget for verk og bruk i 2018, jf. overgangsregelen til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 andre ledd. 

 

Eigedomsskattetakstnemnda består av:
Leif Rune Vinje, leiar
Jarle Hauge, nestleiar
Heidi Toreli Sylte

Klagenemnda for eigedomsskatt består av:
Svein Linge, leiar
Mette N. Valdal, nestleiar
Jan Ole Strand

Vedtekter eigedomsskatt (PDF, 602 kB)