Digihjelp

Treng du datahjelp for å kome i gang med data og internett? Ta kontakt med biblioteket så hjelper vi deg.

  • Skal du kjøpe mobil, nettbrett eller PC, men er usikker på kva som er lurt?
  • Har du kjøpt utstyr, men får ikkje heilt til å ta det i bruk?
  • Har du spørsmål om smått og stort knytt til data?

Stikk innom biblioteket

  • Hit kan du kome med små og store spørsmål.
  • Utifrå behov vidareformidlar vi kontakt for meir rettleiing.

Datamaskin og internett blir stadig viktigare for å bruke offentlege tenester – FINN DU FRAM?

Fjord kommune har saman med frivillige og Seniornett gått saman for å legge til rette slik at nye brukarar kan kome seg ut på «nettet». Seniornett har samling annakvar måndag kl. 14 på biblioteket i Valldal.

Terskelen kan vere litt høg før ein tør å prøve, og det dukkar opp mange spørsmål når ein først har skaffa seg utstyr. Når du har tatt kontakt og vi saman har funne ut kva du ønskjer bistand til – så vert du kontakta for å gjere nærare avtale. Du kan også få personleg rettleiing på avskjerma rom.

Det er Magne Krogh og Kjell Rønning som står for rettleiing utanom servicetorget og biblioteket. Dukkar det opp spørsmål undervegs, kan du ta med pc/nettbrett/mobil-telefon til servicetorget eller biblioteket i Valldal og få råd der. Dei vil eventuelt sette deg i vidare kontakt med Krogh og Rønning om ein ikkje får løyst problemet der og då.

Vi har PC tilgjengeleg både på biblioteket og servicetorget. Det beste er likevel om du tek med eige utstyr og får hjelp til å bruke det.

Vi ønskjer å lære deg grunnleggande databruk i kvardagen – og alt er GRATIS.

Sverre Bjørn-Nielsen
Biblioteksjef
E-post
Telefon 41 86 78 32