Borgarleg vigsel

Par som skal gifte seg, er  velkomne til å få borgarleg vigsel i Fjord kommune. 

Kven kan bli vigsla borgarleg i Fjord?

Brudefolka, det vil seie dei to som skal gifte seg, må oppfylle vilkåra ekteskapslova set for å inngå ekteskap. Personar som ikkje er busette i Noreg, men som oppfyller vilkåra i ekteskapslova § 12 a, kan også bli vigsla i Fjord.

Kven utfører vigselen?

I Fjord kommune er det ordføraren og varaordføraren som har vigselsmynde.

Kvar og når kan vigselen skje?

Vigsel skjer etter avtale på rådhuset mellom kl. 8 og 16 på kvardagar. Ordførarkontoret eller kommunestyresalen kan nyttast. Det er også mogleg å bli vigsla andre stader. Då må brudefolka sjølve sørge for eit lokale der vigselen kan gå føre seg i verdige rammer. Vigsel utanom kontortida må avtalast spesielt.

Kostar det noko å bli vigsla hos kommunen?

Tilbodet om vigsel er i utgangspunktet gratis for eigne innbyggarar. For brudefolk busette utanfor kommunen, vert det rekna eit gebyr på 1.000 kr. Dersom brudeparet har andre ynskjer utover det som er satt i vedtaket til kommunestyret, må dei betale for og/eller ordne dette sjølve. Dette kan t.d. vere vigsle på andre lokalitetar, vigsel på helg- eller høgtidsdag eller levende musikk under vigselen.

Korleis skal vi gå fram dersom vi vil ha borgarleg vigsel?

Før de kan gifte dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Skjemaet "Erklæring fra brudefolkene før prøving av ekteskapsvilkårene" må fyllast ut og leverast til det lokale skattekontoret. Før ekteskap kan inngås, skal det skje ei prøving av om ekteskapsvilkåra etter ekteskapslova er oppfylt. Denne prøvinga skjer ved skattekontoret.

Kvar av brudefolka skal stille med ein forlovar - ein person som kjenner deg. Forlovarane skal fylle ut ei forlovarerklæring, som skal leggast fram i forbindelse med prøving av om ekteskapsvilkåra er oppfylt.

Dersom de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap vil Skatteetaten skrive ut ein såkalla prøvingsattest.

Send ein e-post til post@fjord.kommune.no om at de ønsker å bli vigsla, og legg ved kopi av gyldig prøvingsattest. Kommunen tek så kontakt med dykk for å avtale tid for vigselen.

Korleis går vigselen føre seg?

I tillegg til brudefolka, skal det under vigselen vere to andre personar til stades som vitne. Det kan vere forlovarane eller to andre myndige personar.

Det vert sett av om lag 15 minutt til ein vigsel. Av dette brukar vigslaren om lag fem minutt på å lese høgt eit vigselsformular som er obligatorisk og likt i alle kommunar. Formularet ender slik: «Sidan de no med vitne til stades har lova kvarandre å leva saman i ekteskap, sannar eg at de er rette ektefolk.»

Ordføraren/varaordføraren, brudefolka og vitna skriv så under vigselsmeldinga, som er ein del av prøvingsattesten frå folkeregisteret. Etter dette kan brudefolka disponere om lag 10 minutt til f.eks. song, musikk, utveksling av ringar, tekstlesing eller liknande – dersom dei ønsker det. Desse aktivitetane er det brudefolka sjølve som må organisere.

Kva språk kan nyttast under vigselen?

Vigselen kan gå føre seg på norsk og engelsk. Dersom brudefolka ikkje forstår desse språka, må dei sjølve ordne med kvalifisert tolk for eiga rekning.

Kva må ein ha med til vigselen?

Brudefolka må ha med legitimasjon til vigselen.

Kva bevis på ekteskapsinngåinga får brudefolka?

Frå vigselen får brudefolka får med seg ein stadfesta kopi av vigselsmeldinga. Den gjeld som mellombels vigselsattest. Kommunen sender også ein kopi av vigselsmeldinga til folkeregisteret. Den endelege vigselsattesten får brudefolka tilsendt frå folkeregisteret.

 

Servicetorget Kundemottak
E-post
Telefon 41 86 78 00