Tilfluktsrom er permanente vernerom som vil kunne redusere omfanget av skader på befolkninga som følgje av krigshandlingar. Det finst offentlege og private tilfluktsrom.
Du kan lese meir om tilfluktsrom på Sivilforsvaret sine sider.
Offentlege tilfluktsrom
Desse er for alle som oppheld seg i det aktuelle området. Desse er primært bygt i byar og større tettstadar. Det er ikkje offentlege tilfluktsrom i Fjord kommune. Oversikt over offentlege tilfluktsrom finn du på DSB sine sider.
Private tilfluktsrom
Desse er for dei som normalt oppheld seg på bygget, som td skular, kontorlokaler og butikkar. Dei private tilfluktsromma er tilpassa tal på personar som normalt oppheld seg på eigedomen. Det er difor ikkje ønskeleg at andre skal søke dekning der. I Fjord kommune er det registert fire private tilfluktsrom.
Publisert 24.11.2022 13.02