Beredskapsorganisasjon
Kommunen si kriseleiing trer saman når noko ekstraordinært skjer.
Kommunen vil bruke eigen organisasjon, og dra vekslar på kompetanse og ressursar som finst. Det er også lagt til rette for samarbeid med andre som Heimevern, Politi og Røde Kors.
Kommunedirektør er leiar i kriseleiinga, og ordførar er kontaktperson utad.
Fellestenestene fungerer som sekretariat og stab for kriseleiinga.
Informasjon under krise
Informasjon knytt til skadestad, skadde, pårørande og andre involverte er politiet sitt ansvar. Generell informasjon frå Fjord kommune vil bli gitt via ordinære kanalar som internett og sentralbordteneste.
Kommunen har utarbeidd eigen kommunikasjonsplan, og i ein krisesituasjon vil denne tre i kraft.
Informasjonstenesta skal kontinuerleg bidra med informasjon og rådgjeving til og frå krisestaben. Det betyr at dei skal halde kontakt med media, initiere pressekonferansar, sende ut pressemeldingar m.v.
Har nokon akutt behov for å kome i kontakt med kommunen kan ein ringe kommunedirektør på tlf. 926 41 926. Er det akutte situasjonar skal naudtelefonane nyttast.
Regjeringa har oppretta ei eiga nettside - www.kriseinfo.no der aktuell informasjon skal samlast under større hendingar.
Lokalt vil kommunen si heimeside bli nytta som viktig informasjonskanal.
Publisert 23.07.2024 14.26