FjellskredberedskapLytt til tekstenStopp avspillingFjellskred er sjeldne, men har ført til nokre av dei verste naturkatastrofane i Noreg, seinast i Loen i 1905 og 1936 og i Tafjorden i 1934.I Møre og Romsdal er tre fjellparti under døgnkontinuerleg overvaking: Hegguraksla i Norddal kommuneÅkneset i Stranda kommuneMannen i Rauma kommune Det blir no bygt opp eit nytt regime når det gjeld beredskapsplanverk for fjellskred. Ein nasjonal plan som gir overordna føringar vart vedteken i 2015. Det er utarbeidd eit regionalt planverk for høgrisikoobjekta i fylket. Objektplan ÅknesetObjektplan Hegguraksla Arbeidet med å revidere det kommunale planverket er igang. Det er utarbeidd ei interkommunal konsekvensanalyse (PDF, 2 MB), og generell del for planverket er på plass. Her kan du sjå kart over evakueringssonene (PDF, 2 MB). På fylkesmannen sine sider er det samla mykje informasjon knytt til fjellskredberedskapen i fylket:OvervakingaRapportarHistorikkKart over fare- og evakueringssonene (klikk på "samfunnssikkerhet" i menyen til venstre)Faktaark frå NVE om store fjellskredKraft og skredsenteret i TafjordDSB: Risikoanalyse av varsla fjellskred (2016) Ei rekkje aktørar har ei rolle innan fjellskredberedskap i Norge. Kommunane har eit grunnleggande ansvar for å ivareta befolkninga sin tryggleik, og utgjer det lokale fundamentet i den nasjonale beredskapen.Er du interessert i historikk, kan du lese om Tafjordulykka og Loenulykka på Geo365.no. Publisert12.02.2019 15.55
I Møre og Romsdal er tre fjellparti under døgnkontinuerleg overvaking: Hegguraksla i Norddal kommuneÅkneset i Stranda kommuneMannen i Rauma kommune Det blir no bygt opp eit nytt regime når det gjeld beredskapsplanverk for fjellskred. Ein nasjonal plan som gir overordna føringar vart vedteken i 2015. Det er utarbeidd eit regionalt planverk for høgrisikoobjekta i fylket. Objektplan ÅknesetObjektplan Hegguraksla Arbeidet med å revidere det kommunale planverket er igang. Det er utarbeidd ei interkommunal konsekvensanalyse (PDF, 2 MB), og generell del for planverket er på plass. Her kan du sjå kart over evakueringssonene (PDF, 2 MB). På fylkesmannen sine sider er det samla mykje informasjon knytt til fjellskredberedskapen i fylket:OvervakingaRapportarHistorikkKart over fare- og evakueringssonene (klikk på "samfunnssikkerhet" i menyen til venstre)Faktaark frå NVE om store fjellskredKraft og skredsenteret i TafjordDSB: Risikoanalyse av varsla fjellskred (2016) Ei rekkje aktørar har ei rolle innan fjellskredberedskap i Norge. Kommunane har eit grunnleggande ansvar for å ivareta befolkninga sin tryggleik, og utgjer det lokale fundamentet i den nasjonale beredskapen.Er du interessert i historikk, kan du lese om Tafjordulykka og Loenulykka på Geo365.no.