Atomberedskap - jodtablettar

Atomberedskap - jodtablettar

Fjord kommune har eit lager med jodtablettar (Kaliumjodid Recip 65 mg) til barn og unge under 18 år samt gravide og ammande. Desse vil bli delt ut kun dersom det skjer ei atomulykke og det kjem råd frå myndigheitene om å dele dei ut.

Råd om å ta jodtabletter i samband med ei atomulykke kjem ofte samtidig med råd om å opphalde seg innandørs i opptil to døgn. Difor vert det anbefalt å ha jodtablettar lagra heime slik at ein slepp å reise ut å hente dei. Statens strålevern anbefalar alle under 40 år, gravide, ammande eller dei med heimebaunde barn å ha jodtabletter heime. Du kan kjøpe tablettane reseptfritt i apotek (Jodix 130 mg).

Om det skjer ei atomulykke må du halde deg orientert via radio, TV og internett fordi situasjonen kan endre seg raskt.

Kvifor ta jodtablettar?

Jodtablettar er eit beskyttande tiltak ved atomhendingar med utslepp av radioaktivt jod. Radioaktivt jod vert tatt opp i skjoldbruskkjertelen når ein pustar inn forureina luft og/eller inntek forureina mat og drikke. Tilskot av naturleg jod (jodtablettar) blokkerar opptaket av radioaktivt jod, og førebygg difor kreft i skjolbruskkjertelen hos barn, unge, gravide og ammande.

Merk at det ikkje er alle type hendingar der anbefaling om å ta jodtablettar er eit aktuelt tiltak. Det er difor svært viktig å følge med i nyheitene etter ei atomhending for å sjå om det kjem anbefaling om å ta jodtablettar.

Utlevering av jodtabletter 

Kommunen si kriseleiing vil gi informasjon om utdelingsstader i alle tilgjengelege informasjonskanalar når det blir aktuelt. 

Oppbevaringsstader for jodtablettane

I Fjord har vi tablettane lagra på Valldal helsestasjon, Eidsdal skule - helsesøsterkontoret og Stordal helsestasjon.