Symjekurs i Tafjord friluftsbad for 1.-4. klasse (FULLT)

Symjekurs i Tafjord friluftsbad for 1.-4. klasse (FULLT)

Klikk for stort bileteTid: Måndag 21. juni – onsdag 23. juni kl. 09 - 15 – 3 dagar
Stad: Tafjord friluftsbad
Målgruppe: 1.-4. klasse

Symjekurs med kvalifiserte instruktørar. Målet er at barna skal bli tryggare i vatn, og oppdage gleda i å lære og beherske vatnet som eit fantastisk element å bevege seg i. Det vert lagt til rette for ulike ferdigheitsnivå, men med fokus på ulike vannaktivitetar som å flyte, gli, puste, dykke, samt øve teknikk på armtak og beinspark både på mage (krål/crawl) og rygg.

Vi er i bassenget fram til kl 12:00 alle dagane. Innimellom vert det leik og frie aktivitetar. Frå kl 12:30-14:30 legg vi opp til m.a. eventyrstund i regi av Fjord bibliotek avd. Stordal, eit besøk på Ville krefter (Kraft og skredsenteret) eine dagen, og siste dagen blir det avslutning med ulike aktivitetar og is på Tafjord Båthamn og bistro/camping.

Ta med:
Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen.
Badedrakt/badebukse, handkle, dusjsåpe og shampo

Denne aktiviteten kan ha maks 24 deltakarar