2025 Valldal aktivitetspark for 1. - 10. klasse - måndag 11. august
Tid: Måndag 11. august kl 09:30-14:30 – 1 dag
Stad: Valldal aktivitetspark
Målgruppe: 1.-10. klasse
Bli med på ein heil dag med klatring og aktivitet
Klatreløyper og zip-lines, i tillegg til bagjump, hoppepute og hoppeslott.
Personar under 18 år MÅ ha godkjenning av foresatt/ansvarleg for å delta. Ein føresett må signere eigenerklæring elektronisk: Sikkerheitsreglar - Valldal Aktivitetspark
Dei ulike løypene har forskjellige høgdekrav.
NB! Barn under 12 år må ha med ein vaksen i løypene. Eventuelt kan de gjere avtale med andre føresette. (Maks 4 barn under 12 år per vaksen).
Om det er foreldre eller andre over 18 år som har lyst å vere med som frivillige klatrarar/frivillige tilsynsvakter denne dagen, er det fint om de snarast tar kontakt med Supersommar på e-post: bjorg.jacobsen@fjord.kommune.no
Les meir om Valldal aktivitetspark på nettsida deira.
Ta med:
- Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen.
- Det er anbefalt med hansakar. (Tynne arbeidshanskar, langrennshanskar, sykkelhanskar el.l.). Hanskar kan også kjøpast i parken.
- NB! Ein føresett må underskrive elektronisk eigenerklæring.
Spørsmål?
Om du har spørsmål til påmeldinga eller anna kan du ta kontakt med Bjørg, tlf 90529164
Påmeldingsskjema
Påmeldinga er no stengt. Det kjem informasjon om tildeling av plass innan 4. juli. Har du spørsmål så ta kontakt.
Det er ledige plassar, ta direkte kontakt på e-post.
Publisert 08.06.2023 14.26