2024 Kokkekurs for 5.-10. klasse - tysdag 13. august
Tid: Tysdag 13. august kl 09:30-14:45 – 1 dag
Stad: Valldal skule
Målgruppe: 5.-10. klasse
Mat og måltid er nødvendig for ei god helse. Mat gjer oss mette og glade. Å lage mat saman gir både glede og trivsel.
Valldal Bygdekvinnelag legg opp til matlaging med vekt på tradisjonsmat. Vi skal lage god mat frå grunnen av. Vi inviterer til kjekke og trivelege dagar på kjøkkenet!
Formiddag:
Vi lagar og et ein god lunsj.
Etter lunsj:
Bakeverkstad. Vi lagar bakverk som du får smake, og du kan også få med litt heim.
Det blir gode pausar med aktivitet tilpassa aldersgruppa.
Her kan du lese meir om Valldal Bygdekvinnelag
Denne aktiviteten kan ha maks 16 deltakarar.
Ta med:
Drikkeflaske og eventuelt niste dersom du treng litt ekstra mat i løpet av dagen.
Påmeldingsskjema
Publisert 09.06.2023 09.27