Reglement for ungdomsrådet

Reglement for politiske råd og utval omhandlar også ungdomsrådet.

5. Reglement for ungdomsrådet (UNG)

5.1 Val og samansetting

a) Ungdomsråd er lovpålagt og er omtala i kommunelova § 5-12 og Forskrift om kommunale og fylkeskommunale råd for eldre, personar med funksjonsnedsetting og ungdom (forskrift om medvirkningsordninger). Ungdomsrådet skal ha 9 medlemar og like mange personlege varamedlemar. Det skal vere ungdomar mellom 13 og 19 år som er busett i Fjord kommune. b) Ungdomar med personlege varamedlemar skal veljast slik: Elevane ved Valldal, Stordal og Eidsdal ungdomsskule vel 2 representantar med personleg vara kvar. Det skal i tillegg veljast 3 medlemar og varamedlemar i aldersgruppa 17-19 år. Valnemnda får i oppdrag å foreslå desse kandidatane. Ein bør ha jamn kjønnsdeling mellom representantane. Ungdom skal på valtidspunktet ikkje ha fylt 19 år. c) Val skal gjerast i september, alle representantar vert valde for 2 år. d) Ungdomsrådet vel sjølv leiar og nestleiar.

5.2 Føremål

a) Vere eit talerør for ungdomen i Fjord kommune.

b) Høyringsorgan i kommunale saker som vedkjem ungdom.

c) Bidra til gode oppvekstsvilkår for ungdomen.

d) Påverke i saker som vedkjem ungdom.

e) Auke engasjement i ungdomsgruppa.

5.3 Møte

Leiar i samråd med nestleiar og sekretær fastset møte ut i frå ei vurdering av behov. Sekretæren frå kommunen har ansvar for innkalling. Rådet kan gjere vedtak, når minst to tredelar av medlemane er til stades. Sekretær fører møtebok. Sekretær har ansvar for at den blir sendt ut til medlemar/varamedlemar, og andre aktuelle partar. Møteboka blir lagt ut på kommunen sine heimesider og blir godkjent på neste møte. Det må søkjast om permisjon frå vervet, om ein ikkje kan vere med. Om ein ikkje kan stille, må ein ha ein gyldig grunn for dette. Ved fråvær må dette meldast frå om i god tid til sekretæren.

5.4 Arbeidsområde

a) Ungdomsrådet skal få tilsendt alle saker som gjeld barn og unge, oppvekstsvilkår og andre saker av interesse. Dette skal utførast av sekretæren for rådet.

b) Sekretæren blir utpeika av administrasjonssjefen.

c) Ungdomsrådet kan på eige initiativ ta opp saker. d) Ungdomsrådet har møte- og talerett i kommunestyret.

5.5 Årsmelding

Ungdomsrådet utarbeider kvart år ei melding om sitt arbeid til kommunestyret innan 01.03.