Gjestebod

Gjestebod er eit uformelt diskusjonstreff som kan brukast rundt middagsbordet, i kaffiselskap, på lunsjrommet eller i styremøte. Poenget er å få til brei medverknad for saman å arbeide mot felles mål i åra som kjem. Vil du bidra?

Kom saman, snakk om det som betyr mest for deg og dine, og gje oss tilbakemelding.

Les meir om gjennomføring av gjestebod her (PDF, 191 kB).

Sett av litt tid, les gjennom planutkastet, og diskuter smått og stort. Vi er glad for all tilbakemelding. 

De kan kome med tilbakemelding på alle hovudmåla, eller gje innspel på det som er mest relevant for deg/dykk.

I tillegg til generell tilbakemelding på planutkastet, vil vi gjerne at de diskuterer:

  • Kva er det beste med å bo i Fjord kommune?
  • Kva skal til for at det blir endå bedre å bo her for di aldersgruppe?
  • Kva er det viktigaste å prioritere i åra framover?
  • Samfunnet må redusere klimagassutslepp, korleis kan vi i fellesskap bidra til dette?

Fyll ut skjemaet under, eller send tilbakemelding til post@fjord.kommune.no innan 22. oktober.

Tilbakemeldingsskjema