Innbyggarundersøkinga – kva svar gav den oss?

Innbyggarundersøkinga som Fjord kommune gjennomførte starten av 2021, fekk svært god svarprosent.  Meir enn 900 personar har sendt inn svar på undersøkinga. Det gir oss verdfulle innspel til det planarbeidet vi no står midt oppe i.

I tillegg håper eg ei slik innbyggarinvolvering er med på å skape  ei fellesskapshaldning , noko som er viktig for  ein ny kommune. Då gleder det sjølvsagt også ordførarhjertet mitt å sjå at så mange har tatt seg bryet med å svare - og ikkje berre det: På spørsmålet om dei er glade for å vere frå Fjord kommune, svarer 65 % positivt på det. Om lag 22 % er usamde i dette – medan 22 prosent er avventande. Eg håper sjølvsagt at vi ved å utvikle kommunen vidare, skal kunne gi fleire av innbyggjarane våre gode opplevingar, slik at enda  fleire vert glade for å bu i denne kommunen.

Målet vårt er å legge fundamentet for ein politikk som gjer at Fjord kommune skal kunne utvikle seg på ein berekraftig måte. Det betyr  m.a  at vi greier å halde oppe folketalet. Då må her vere arbeid å få, her må vere bustader å bu i, her må vere gode velferdstenester - og her må vere fritidstilbod og gode sosiale møteplassar.

Dei som bur i kommunen i dag, ser i all hovudsak ut til å vere bra fornøgde med tenestene som vert levert, og dei aller fleste av dei fastbuande, har ønske om å bli buande her også i framtida.

Men Fjord kommune treng at fleire flyttar hit. Vi har fått svar frå om lag hundre  personar som har røtene sine her i kommunen, men som no studerer eller arbeider i ein annan kommune. Førti  av desse oppgir at dei er sikre eller ganske sikre på at dei ønskjer å bu i kommunen i framtida, medan neste 30 % svarer verken/eller til spørsmålet. Dette betyr at her er eit potensiale som vi må arbeide aktivt for å nå. Vi må etablere kontakt med denne gruppa  og gjere det lettare for desse personane å halde seg oppdatert om jobbmulegheiter, bustader og anna som kan trekkje desse ungdommane heim att til kommunen. Vi må også arbeide aktivt for å gjere kommunen og arbeidsplassane her kjent for andre.

Mange unge oppgir også at dei godt kan tenkje seg ein gard eller eit småbruk. Om dette er ungdommar som ser for seg å ta over ein gard i familien,  eller det er ungdommar som kan tenkje seg å kjøpe seg gard eller småbruk, veit eg ikkje, men det er uansett svært positivt for ein kommune som vår, der jordbruket spelar ei viktig rolle.

Det er også grunn for kommunen å merke seg at ein del av fritidsinnbyggjarane våre kan  tenkje seg å busetje seg her heile året - om tilhøva ligg  til rette for det. Det er nok helst dei som nærmar seg pensjonistalder som ser dette som ei aktuell problemstilling, men også ein del i yrkesaktiv alder kunne tenkje seg å  bruke hytta/fritidsbustaden som heilårsbustad.

Eit variert jobbtilbod og ein sikker arbeidsplass vert ikkje uventa oppgitt som ein viktig faktor enten det gjeld å bli buande eller det er snakk om å flytte hit. Det understrekar nok ein gong kor viktig det vert for Fjord kommune å legge til rette for næringsutvikling – særleg når det gjeld areal , men også når det gjeld eit aktivt, lokalt næringslivsapparat. Diskusjonen vi skal ha rundt kommunen sin strategi her, blir særleg viktig. Vi treng verksemder av ein viss storleik som kan tilby fleire typar arbeidsplassar – ikkje minst er det behov for mange fleire  heilårs arbeidsplassar ettersom det er desse gir grunnlag for busetjing. Vi treng også variasjon og ein kombinasjon av offentlege og private jobbtilbod. Ikkje minst  er det viktig at begge to i eit parforhold kan finne seg arbeid her. Skal vi tru svara vi har fått inn, er det behov for meir aktiv informasjon og marknadsføring/ synleggjering av dei jobbane som faktisk finst.

Betre kommunikasjonar vert også nemnt av svært mange. Betre busstilbod, utbetring av FV 650 og bru over fjorden er ikkje uventa  det som oftast vert nemnt i denne samanhengen. Men rassikring og gang- og sykkelvegar på utsette strekningar vert også trekt fram.

Fleire sosiale møteplassar vert også  peika på som viktige faktorar for å bli buande i Fjord kommune. Gode, uformelle møteplassar er viktig for alle aldersgrupper. Dessutan rangerer lett tilgang til friluftsliv svært høgt i alle aldersgrupper. At dette betyr så mykje for så mange, er litt artig å sjå, seier Eva Hove. Akkurat på det punktet ligg det meste alt  svært godt til rette  frå naturen si side, så då er det jo kjekt å sjå kor høgt dette vert verdsett hos innbyggjarane.

Men sjølv om vi er godt forspent med natur og høve til variert friluftsliv, har kommunen mange oppgåver å ta fatt på. Svara frå innbyggjarane var ikkje overraskande, med dei er likevel svært verdfulle. Dei styrkjer oss i retningsval. Den gode svarprosenten og dei positive innspela styrkjer oss også i mot og innsatsvilje!

Eva Hove, ordførar