Innsyn og offentlegheit

Innsyn og offentlegheit

Du har generelt rett til å kreve innsyn i offentlege dokument, journalr og liknande register. Fjord kommune skal praktisere openheit. Vi publiserer offentleg postjournal med dokument på heimesida.

Postjournalen inneheld ei oversikt over inngåande og utgåande post i kommunen. Informasjon om behandling av saker er ein viktig del av kommunens internettsatsing. Når offentleg journal og utval ligg på nett, kan fleire følgje med på kva som blir behandla. Større openheit og meir innsyn i kommunen sine aktivitetar er ein styrke for lokaldemokratiet.

Du kan bestille innsyn i dokument via publikumsløysinga. Alle har rett til å kreve innsyn i offentlege dokument. Unntaket er det som er klient,- brukar- eller pasientretta. Her gjeld partsinnsyn som er heimla i forvaltningslova § 18.

Les lovteksten her

Les rettleiar til lova her