Anbefalingar for Covid-19

Anbefalingar for Covid-19

Hald deg heime viss du har nyoppståtte luftsymptom og føler deg sjuk. Du treng ikkje lenger teste deg, og du treng ikkje vere heime fire dagar ved covid-19. Kontakt lege viss du har behov for helsehjelp.Testtilbodet i kommunen vil fortsette ei stund til.

Regjeringa oppheva tysdag 5. april rådet om å halde seg heime 4 døgn etter koronasmitte.

Oppdaterte anbefalingar
Anbefalingane om covid-19 som no gjeld er:

  • Hald deg heime viss du føler deg sjuk, og unngå kontakt med personar som har risiko for å bli alvorleg sjuke dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom.
  • Du treng ikkje halde deg heime i 4 døgn.
  • Kontakt lege viss du har behov for helsehjelp.
  • Du treng ikkje teste deg med sjølvtest. Viss du likevel har fått ein positiv test, gjeld dei same råda om å halde deg heime viss du føler deg sjuk.
  • Du treng heller ikkje registrere positive sjølvtestar hos kommunen.
  • Det gjeld eigne anbefalingar for dei som har auka risiko for å bli alvorleg sjuke med covid-19 på Råd og informasjon til risikogrupper og pårørande (fhi.no).
    Sjå meir om kva du gjer ved Nyoppståtte luftvegssymptom (fhi.no).

Sjølvtestar vil framleis vere tilgjengelege

I ein overgangsperiode vil det vere tilgjengelege sjølvtestar i kommunen for dei i befolkninga som likevel ønsker å teste seg. Råda ved positiv og negativ test er dei same; hald deg heime viss du føler deg sjuk.

Drift av teststasjonar fortset
Kommunen vil framleis drifte teststasjonen ei stund til, mellom anna med omsyn til testing for dokumentasjon av gjennomgått sjukdom eller negativ test for koronasertifikat. Slik testing skjer som hovudregel ikkje hos fastlegen eller på legevakta.

Grunngiving for oppheving av tiltaka
Omikronvarianten gir mindre alvorleg sjukdom enn tidlegare variantar av viruset, og svært mange er no vaksinerte eller har hatt korona. Det gjer at dei fleste no er godt verna mot alvorleg sjukdom. Vinterbølgja av covid-19 ser ut til å vere på retur i Noreg. Det er ikkje lenger nødvendig å avgrense smitten på same måte som tidlegare. Det er no tilstrekkeleg at folk held seg heime når dei føler seg sjuke.

Current recommendations for COVID-19

Stay home if you have newly arisen respiratory tract symptoms and feel unwell. You no longer need to be tested, and you do not need to stay home for four days with COVID-19. Contact a doctor if you need medical attention. Testing will be available for a while longer.

On Tuesday 5 April, the Government removed the advice to stay at home for four days after COVID- 19.

Updated recommendations

The current COVID-19 recommendations are:

  • Stay at home if you feel unwell and avoid contact with people at risk of a severe COVID-19 disease course if you have newly arisen respiratory tract symptoms.
  • You do not need to stay at home for 4 days.
  • Contact a doctor if you need medical attention.
  • You do not need to take a self-test. If you have a positive test result, the same advice applies to stay at home if you feel unwell.
  • You do not need to register positive self-test results with your municipality.
  • There are separate recommendations for those who have an increased risk of a severe COVID-19 disease course - Risk groups and their relatives (fhi.no).
  • See more about: Newly-arisen respiratory tract symptoms, COVID-19 testing and positive test results (fhi.no).

Self-tests will still be available
For a transitional period, self-tests will be available in the municipalities for people who still want to be tested. The advice for positive and negative test results is the same; stay home if you feel unwell.

Test centres will continue
The municipality will continue to operate test centres for a while longer for people who need to document having COVID-19 or for a negative test for the COVID-19 certificate. In general, such testing will not be provided by a family doctor or out-of-hours medical service.