Innspel til handlingsprogrammet
Trening
Hallgeir Hove
For å søke om tilskot frå spelemiddelordninga må anlegget vere oppført i kommunen sitt handlingsprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.
Alle er invitert til å kome med innspel til handlingsprogrammet.
Innspela kan vere konkrete og gjeld anlegg planlagt i nær framtid, eller det kan vere eit langsiktig ønske. Skriv gjerne litt om bakgrunnen for ønsket. Planen kan rullerast og nye anlegg kan bli tatt inn kvart år dersom det oppstår behov for det.
Innspela må vere skriftlege og skal sendast til post@fjord.kommune.no
Frist for å kome med nye innspel til handlingsprogrammet for 2021 – 2025 er 1. oktober 2025.
Handlingsprogram 2021-2025
Anlegga som allereie ligg inne i handlingsprogrammet, vert automatisk vidareført.
Her finn du Fjord kommune sitt handlingsprogram for 2021 - 2025. (PDF, 211 kB)
Desse anlegga i Fjord fekk tildeling i 2025:
- Stordal Alpinsenter AS - Rehabilitering av lysanlegg kr. 700.000
- Valldal Skyttarlag - Rehabilitering av standplass og skyteskiver kr. 515.000
- Norddal IL - Nærmiljøanlegg ballbinge kr. 300.000
Søknadsfrist for spelemidlar
Frå og med søknadsåret 2020 er idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning tatt vekk frå ordninga. Søkjar må sjølv syte for at søknaden tilfredsstiller dei krav som ligg i gjeldande regelverk for spelemidlane. Ta kontakt med kommunen i god tid på førehand for rettleiing og hjelp til søknaden.
Søknadsfrist for å søkje om spelemidlar for 2026 er 15. oktober 2025.
Dette gjeld både ny, fornya og gjentatt søknad.
Korleis søke
Søk om tilskot frå spelemidlane i anleggsregisteret
I anleggsregisteret finn du også meir informasjon om vilkår og krav til søknaden.
Saksgang
Etter 15. oktober vert dei innkomne søknadane gjennomgått av kommunen og søkjar får høve til å ettersende eventuelt manglande vedlegg eller informasjon. Alle søknadane vert sendt vidare frå Fjord kommune til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 15. januar 2026.
Fjord kommune vedtek prioritert handlingsprogram etter innspel frå Fjord idrettsråd.
Vedtak for 2026 vert gjort i siste kommunestyremøte i 2025.
Ta kontakt for spørsmål.