Innspel til handlingsprogram og søknad om spelemidlar 2024

A. Winther

Med mål om mest mogleg aktivitet for pengane fordeler Kulturdepartementet kvart år tilskot frå spelemidlane til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.

Innspel til handlingsprogrammet

Anlegg som det skal søkjast om spelemidlar til må vere ein del av kommunen sitt handlingsprogram.
Alle er invitert til å kome med innspel til handlingsprogrammet for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Fjord kommune.

Innspela kan vere konkrete og gjelde anlegg planlagt i nær framtid, eller det kan vere eit langsiktig ønskje. Innspela må vere skriftlege og skal sendast til post@fjord.kommune.no
Skriv gjerne litt om bakgrunnen for ønsket. Planen kan rullerast og nye anlegg bli tatt inn kvart år dersom det oppstår behov for det.

Frist for å kome med nye innspel til handlingsprogrammet for 2021 – 2025 er 1. oktober 2023.

Handlingsprogram 2021-2025

Anlegga som allereie ligg inne i handlingsprogrammet, vert automatisk vidareført.
Her finn du (PDF, 399 kB)Fjord kommune sitt handlingsprogram for 2021 - 2025, (PDF, 619 kB) etter politisk behandling i desember 2022.

Desse anlegga i Fjord fekk tildeling i 2023:

  • Idrettshallen i Martin Linge-huset (Norddal fleirbrukshall) kr 3 234 000.
  • Valldal folkehelsepark kr 299 000

Søknadsfrist for spelemidlar  

Frå og med søknadsåret 2020 er idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning tatt vekk frå ordninga. Søkjar må sjølv syte for at søknaden tilfredsstiller dei krav som ligg i gjeldande regelverk for spelemidlane. Ta kontakt med kommunen i god tid på førehand for rettleiing og hjelp til søknaden.

Søknadsfrist for å søkje om spelemidlar for 2024, er sett til 15. oktober 2023.
Dette gjeld både ny, fornya og gjentatt søknad.

Korleis søke

Søknaden skal leggjast inn i anleggsregisteret.no. Her finn du også meir informasjon om korleis ein søkjer, og kva vilkår og krav som vert stilt til søknaden.

Etter 15. oktober vert dei innkomne søknadane gjennomgått av kommunen og søkjar får høve til å ettersende eventuelt manglande vedlegg eller informasjon. Alle søknadane vert sendt vidare frå oss til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 15. januar 2024. 

Fjord kommune vedtek prioritert handlingsprogram etter innspel frå Fjord idrettsråd.
Vedtak for 2024 vert gjort i siste kommunestyremøte i 2023.

Ta kontakt for spørsmål.

Hallgeir Hove
Dagleg leiar Stordalshallen / kulturkonsulent
E-post
Telefon 90 94 93 58
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Frivilligsentralen
E-post
Telefon 41 86 78 06