Gleda ved å gi er like stor som gleda ved å få

kongle fjell vinter - Klikk for stort bileteVinterstemning

Det nærmar seg jul og mange av oss har det vi treng og enda litt til. Likevel trur vi at det i Fjord som andre stadar kan vere nokon som ikkje har det like bra. Av ulike årsaker kan det  vere vanskeleg å få endane til å møtast og kanskje kan ei matkasse til jul vere til litt hjelp?

Givarglede hjelper alle - gammal som ung - ingen ønsker er for små eller for store.

Til deg som ønskjer å motta ei matkasse

Vi veit at det kan vere vanskeleg å ta kontakt sjølv, så ta gjerne kontakt gjennom nokon andre du kjenner deg trygg på. Eller kanskje du kjenner nokon som har ekstra utfordringar? Det er kjekt å kunne hjelpe akkurat deg litt ekstra i år. Ein annan gong kan det vere du som hjelper nokon andre. 

Ta kontakt på e-post snarast og innan 10. desember: frivillig@fjord.kommune.no

Kom gjerne med stikkord på kva du treng, eventuelle allergiar og kor mange det er i husstanden. Om det er barn i husstanden er det fint med antal og alder.

Vil du støtte Givarglede?

Vipps til 741324 eller bruk kontonummer 3905.15.69184  (Eidsdal Norddal Røde Kors)

Om privatpersonar, lag og organisasjonar eller bedrifter ønsker å bidra med midlar eller anna - ta gjerne kontakt på e-post: frivillig@fjord.kommune.no
Midlar som eventuelt blir til overs vil bli nytta til matkasser til påske/neste jul, og elles i beredskap til innbyggjarar ved spesielle hendingar.

Vil du gi ei julegåve?

Gåva kan du levere på Valldal Fjordhotell, eller ta kontakt med Lise for meir informasjon, tlf 97503347.

Om Givarglede

Givarglede var starta til jul i 2021 etter eit privat initiativ, og er eit samarbeid mellom frivillige aktørar og Fjord kommune. Givarglede består av representantar frå Eidsdal-Norddal Røde Kors, Fjord frivilligsentralar og andre frivillige medhjelparar. Vi har også samarbeid med helse, omsorg og velferd i Fjord kommune og med næringslivet.

Teieplikt

Vi er opptatt av personvern, og dette blir tatt i vare. Dei som sit i arbeidsgruppa for «Givarglede» har teieplikt.

Plakat for Givarglede 2023 (PDF, 175 kB)

mat givarglede - Klikk for stort bileteGivarglede til jul

 

Julehelsing frå sambygdingar
som ønskjer å gjere ein forskjell

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64