Fortrinnsrett for dagpendlarar på ferja Eidsdal - Linge

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal vedtok i 2020 ei ordning med fortrinnsrett for innbyggjarar som pendlar, og bedrifter i Fjord kommune som reiser regelmessig med ferja Eidsdal - Linge. Ordninga blir vidareført i 2024, i perioden frå 01. juni til 08. september. Sluttidspunktet kan bli vurdert basert på trafikkutviklinga. 

Fortrinnsretten gjeld:

- For inbyggarar og bedrifter i Fjord og Stranda kommune som reiser jamnleg på sambandet
- Stadfesta time på sjukehus, hos lækjar o.l. Dokumentasjon skal visast fram til trafikkvakter/ferjemannskap ved ferjekaiene (SMS/brev)

Det vil bli utstedt eit bevis på fortrinnsrett på sambandandet til brukarane via post. 

Trafikantane som inngår i ordninga skal nytte anvist område på ferjekaia. Det er reservert 1 oppstillingsfil på kaiene i Eidsdal og på Linge for dei med fortrinnsrett, på grunn av utfordringar ved lossing og lasting av ferjene må ein møte opp minst 10 minutt før avgang.

På grunn av ferieavvikling må søknaden sendast til Fjord kommune innan 1.juli. 

Søknad skal sendast inn på eige skjema.

 

 

Rutetabellane vil bli lagt ut på frammr.no som PDF og være søkbare på reiseplanleggaren