Fortrinnsrett på ferja Eidsdal - Linge
Innbyggarar og bedrifter som reiser regelmessig på sambandet Eidsdal - Linge kan søke om fortrinnsrett på ferja for sommaren 2025.
Fortrinnsrett på ferja 2025
Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal vedtok i 2020 ei ordning med fortrinnsrett for innbyggarar og bedrifter i Fjord og Stranda kommuner som reiser jamleg på sambandet Eidsdal - Linge. Ordninga blir vidareført i 2025 og gjeld i perioden frå 1. juni til 7. september. Sluttidspunktet kan bli vurdert basert på trafikkutviklinga.
Fortrinnsretten gjeld desse
- Innbyggarar og bedrifter i Fjord og Stranda kommunar som reiser jamleg på sambandet.
- Naudetatar med og utan blålys.
- Veterinær i oppdrag.
- Innbyggarar som har time på sjukehus, hos lege eller liknande avtalar. Dokumentasjon skal visast fram til trafikkvakter/ferjemannskap ved ferjekaiene (SMS/brev).
Informasjon om bruk av fortrinnsretten
- Oppmøte seinast 10 minutt før avgang på grunn av utfordringar ved lossing og lasting av ferjene.
- Trafikantane som inngår i ordninga skal gi seg til kjenne for trafikkdirigentane på ferjekaia for vidare rettleiing og ombordkøyring på ferja.
- Det er plass til fire bilar med fortrinnsrett på kvar avgang.
Søk om bevis
Bruk skjema nedanfor. Søknadsfrist er 30. juni.
Bevis på fortrinnsrett på sambandet vert utlevert ved henting eller etter avtale. Beviset kan hentast følgjande stadar:
- Rådhuset eller biblioteket i Valldal
- Biblioteket i Eidsdal.
Kryss av i søknaden for ønska hentestad. Du får beskjed når beviset er klart for utlevering.
Innbyggarar og bedrifter som ikkje er heimehøyrande i Fjord kommune og som ikkje kan hente beviset sjølv kan ta kontakt for annan avtale om henting/levering. Skriv i merknadsfeltet i søknadsskjemaet.
Søknadsskjema
Sist endra 28.05.2025 16.34