Er du mellom 13 og 20 år?

Er du mellom 13 og 20 år?

UKM fylkesfestival - Klikk for stort bileteDriv du med kunst eller kultur? Kan du tenke deg å delta på UKM Fylkesfestival? No har du sjansen til å bli med!

Vi fekk diverre ikkje arrangert lokalmønstringar på vanleg måte i år, men tar sikte på at vi kan få til rullerande mønstringar frå 2023. Om alt går etter planen, vert det derimot Fylkesfestival i år! Fylkesfestivalen vert arrangert på Eide, i Hustadvika kommune, 10. - 13. oktober (haustferien).
 

Kva er fylkesfestivalen?
På Fylkesfestivalen får du møte andre ungdommar som elskar kunst og kultur, og du får vise fram kunsten din, lære meir om lys- og lydproduksjon, vere artistvert eller framføre på stor eller lita scene! I tillegg kan du delta på spennande workshops med flinke instruktørar! Saman tek vi sikte på å skape ein eineståande festival der noko kult, moro og sosialt vil skje kvar einaste dag.

…og ikkje minst så deltar du heilt gratis! 


Meld di interesse!
Er du mellom 13 og 20 år og kan tenkje deg å delta på Fylkesfestivalen? No kan du sende ein e-post til oss! Skriv litt om kven du er og kva du kunne tenkje deg å delta med.
 

Kva kan du gjere på UKM?
På UKM kan du nemleg gjere det aller meste som har med kultur å gjere, og litt til. Du kan vise fram noko du er god til, og du kan delta både på, bak og rundt scena. Kultur er heller ikkje berre sang og dans. Å lage ein TikTok-video, bygge eit hus på Minecraft eller lage ein sminkevideo er også kultur. Kanskje du er god til å arrangere, danse, game, lage kostymar, synge, organisere, fotografere, male, designe, kveile kablar, filme, underholde eller skrive? Dette er berre litt av mange ting ein kan gjere på UKM.


Finn ut meir om UKM
UKM Møre og Romsdal har eiga nettside og facebookside der du kan finne meir informasjon.
 

NB! Det er ikkje sikkert at du får delta, sjølv om du sender inn informasjon til oss. Vi må mellom anna ta omsyn til kor mange det er som ynskjer delta, kva ein ynskjer delta med og liknande. Det kan derfor vere lurt at du legg ved anten ein videosnutt, bilde eller liknande, som kan vere med og bidra til at nettopp du får høve til å delta.

Frist for å få sendt inn påmelding: søndag 4. juli.

 

Blir du med?