Kyrkjekonsert med Blue Horn Jazzband

Gammalt og godt! Flott og blått! 

Dato
24. august 2024
Tid
19:30 - 21:00
Stad
Rosekyrkja i Stordal

Gammalt og godt! Flott og blått! Desse stikkorda kan passe på avslutningskonserten i Kyrkjehola Kulturbeite i år. 
Det velrennomerte Blue Horn Jazzband starta opp i Sykkylven i 1997 og bandet har i utgangspunktet ei trad-jazzbesetning med blåserekke, og kompgruppe med kontrabass, banjo og trommer. Frå 2012 har dei og hatt fast sangarinne. 

Repertoaret spenner frå vakre ballader til spenstig swing der det er vanskelig å halde godfoten i ro. Bandet går heller ikkje av vegen for å hive seg på stoff frå vår eiga tid. Frå starten har Blue Horn Jazzband markert seg med eit godt kyrkjerepertoar som spenner fra New Orleans til norske salmer. 

Arrangør

Kyrkjehola kulturbeite