Det vil seie at du først må søkje kommunen og få eit positivt vedtak før ein kan iverksette oppmålingsforretninga. Mindre endringar som grensejustering, grensepåvisning og klarleggjing av eksisterande grense er ikkje søknadspliktig. Om saka di gjeld ein av desse, kan ein rekvirere direkte.
Kven kan søkje?
I dei fleste tilfelle er det den som har grunnboksheimel som eigar av grunnen som den nye eininga blir delt frå eller oppretta på, sjå plan- og bygningslova § 21-2 og matrikkellova §9.
Når må eg gjere dette?
Denne framgangsmåten gjeld ved frådeling (oppretting av ny grunneigedom eller anleggseigedom), registrering av jordsameige, arealoverføring og oppretting av ny festegrunn (festetomt og punktfeste). Innløysing av festegrunn med festenummer krev søknad som ved oppretting av ny grunneigedom, sjølv om handsaminga kan vere noko annleis.
For at søknaden skal vere komplett og klar for innsending er det fleire tilhøve som må avklarast. Start med å vurdere følgjande:
Når alt er avklart gjer du følgjande
- Lag eit situasjonskart over tiltaket ditt. Bruk gjerne kommunekart.com som er kommunen si løysing for publikum. Dette kartet må heile tida liggje ved søknad og rekvisisjon
- Varsle naboane dine. Bruk skjema på dibk.no (tiltak utan ansvarsrett). Det er fleire måtar å varsle på, også digitalt. Les meir på Direktoratet for byggkvalitet sine sider. Kommunen ønskjer skjemaet «Opplysningar gjeve i nabovarsel» og «Kvittering for nabovarsel» vedlagt søknaden om du nyttar papir
- Last ned og fyll ut skjemaet «Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett» på dibk.no
- Last ned og fyll ut «Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring for søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningsloven og annet tilsvarande lovverk». Skjema finn du på kartverket.no
- Send søknad, alle avklaring og rekvisisjon inn til kommunen - bruk gjerne e-dialog.
Profesjonelle aktørar kan nytte digitale løysingar.
Nyttige linkar
Nyttig informasjon
Å fylle ut søknader og gjere naudsynte avklaringar kan vere vanskeleg for mange som kanskje gjer dette berre ein gong i livet. Kommunen kan gje rettleiing, men ikkje hjelpe deg med utfylling av søknaden. Vi rår deg til å søkje hjelp om å du er usikker. Det kan vere alt i frå ein nabo som har gjort dette tidlegare eller profesjonelle aktørar som kan søkje for deg. Ein bør også ta stilling til kva avklaringar ein skal gjere først.
Ein komplett søknad frå start sparer både deg og kommunen for tid og kostnadar.
Rekvisisjonen tek til å gjelde frå positivt vedtak etter plan- og bygningslova. Sjølv om ein her har fått løyve, kan det vere tilhøve rundt eigedomen og etter matrikkellova som hindrar vidare gjennomføring. Det kan til dømes vere tinglyste rettar i grunnboka som må avklarast. Sjå alt om din eigedom på eiendomsregisteret.kartverket.no.
Prisar
Fjord kommune sitt gebyrregulativ. Du må betale eitt gebyr for handsaming av søknad etter plan- og bygningslova og eitt gebyr for sjølve gjennomføringa etter matrikkellova. Tinglysingsgebyr kan kome i tillegg.
Lovverk