Teljande areal for hjortevilt

På oppdrag frå Fjord kommune ferdigstillte firmaet AT SKOG SA kartlegging av nytt teljande areal for hjortevilt våren 2023.

Kart

Utsnitt av kart - Klikk for stort bileteUtsnitt av kart for inndeling av hjortevald og jaktfelt

Karta syner inndelinga av hjortevald og jaktfelt i kommunen slik det var våren 2023. Endringar i inndeling kan ha skjedd i etterkant slik karta ikkje syner dagens inndeling.

Oppdateringar på endringar av valdstruktur blir gjort løpande på hjorteviltregisteret. Lyst/gult felt i karta syner areal som er tatt med som teljande areal.

Kartgrunnlag

Metodikk og kartgrunnlaget som er brukt for kartlegging av teljande areal er NIBIO sine AR50 kart med ARTYPE 20 dyrkamark, 30 skog, 60 myr og ARveget 55 (snaumark med frisk vegetasjon). Det er gjort ein gjennomgang mot AR5 ARTYPE 10 (bebygd område) for å ta ut noko utbygd areal som kom med i AR50.

Teljande areal

I tillegg til arealet under skoggrensa som skal vere teljande areal etter forskrifta,  har vi også i Fjord gjort vedtak på at areal som ligg under vegetasjonsklasse ARveget 55, som består av snaumark med frisk vegetasjon, skal vere med som teljande areal for hjortevilt. ARveget 55 skal ha dominans av engvegetasjon, friske risheier, frodig snøleie og starrike grasmyrer m.m

AR50-karta

AR50 karta er basert på N50 kart og er tilpassa ein målestokk på 1: 20000 til 1: 100000. AR50 serien er tenkt meir som oversiktskart på kommunenivå, det er såleis ikkje kart som er tenkt som detaljkart. Karta er utarbeidd som tolkingar av satellittdata. Område som er mindre enn 15 dekar syner ikkje som eigne kartfigurar, men blir slått saman med andre. Dette er såleis litt grovmaska kart, som ikkje viser alle areal på detaljnivå når det gjeld dei aktuelle vegetasjonstypane.

Oppdatering av karta

AR 50 karta som er nytta for teljande areal i heile Fjord kommune er frå 01.06.2018. Det vart gjort ein ny oppdatering av AR50 karta våren 2022, og nye oppdateringar blir gjort kvart tredje år.

Nyaste versjon har satellittbilete frå sentinell-2 med ny produksjonsløype. Den nyaste versjonen av vegetasjonskart kan ein finne på NIBIO sitt kartverktøy Kilden. Merk at den nyaste versjonen av vegetasjonskarta er noko endra i forhold til den kartlegginga som er gjort, og areal med frisk vegetasjon er gjennomgåande redusert i forhold til kartgrunnlaget frå 2018.

Merk

Kartlegginga her syner dei beste områda for planteproduksjon, det er ikkje nødvendigvis samanfallande med at hjort kan bli felt høgare til fjells seint på sommar /tidleg haust.

Lenker til kart

Arealoversikt for jaktfelt i Fjord (XLSX, 259 kB)
Teljande areal for hjort i Fjord (kart) (PDF, 13 MB)
Teljande areal for hjort i Fjord - Norddal sør (kart) (PDF, 10 MB)
Teljande areal for hjort i Fjord - Norddal aust (kart) (PDF, 12 MB)
Teljande areal for hjort i Fjord - Stordal (kart) (PDF, 11 MB)
 

Terje Systad
Leiar plan og miljø
E-post
Telefon 41 86 79 22