Vi ønskjer innspel

Formannskapet i Fjord kommune vedtok i møte 23. januar å legge planprogram for ny Levekårsplan, strategi for kultur og strategi for helse, omsorg og velferd ut på høyring og offentleg ettersyn. Frist for innspel er 10. mars.

Målsetting og bakgrunn

Det skal arbeidast fram ein heilskapleg Levekårsplan for heile livsløpet. Dette er eit nyskapande arbeid i Fjord kommune. Ein tverrsektoriell plan gir større mulegheiter for å arbeide på tvers av fagområde, fange opp samanhengane mot berekraftsmål og løyse utfordringar i fellesskap. Målet er at det skal bli enklare å målstyre innsats og resultat. Planprogrammet legg opp til brei involvering i denne prosessen. 

I påvente av å få på plass ein overordna og langsiktig plan, er det utarbeidd utkast til Strategi for helse, omsorg og velferd samt Strategi for kultur, som skal peike ut hovudprioriteringane dei komande åra. Strategiane følgjer Bu trygt heime-reforma sine planperioden fram til 2028. 

Kva meiner du? Send oss innspela dine.

Vi vil gjerne ha innspel på utkasta. Å uttale seg i ei høyring av offentlege dokument er noko alle kan gjere. Både privatpersonar, næringslivsaktørar, lag og organisasjonar eller andre interessentar kan sende innspel.

Det er viktig å merke seg at alle innspel og merknader er offentlege. Ein må difor ikkje sende sensitive opplysningar. Du vil ikkje få eit eige svarbrev frå kommunen, men innspela vil bli omtalt når saka blir lagt fram for politisk behandling etter høyringsperioden.

Slik gir du innspel

Høyringsinnspel kan sendast til Fjord kommune på e-post til: post@fjord.kommune.no , eller post til: Fjord kommune, Postboks 144, 6211 Valldal.

Høyringsfrist er 10. mars 2025.