Treffpunkt for politikontakt torsdag

Torsdag 3. september klokka 10-12 treff du politikontakten på rådhuset i Valldal. Stikk innom om du har noko du ønskjer å drøfte eller få hjelp til.

Karl Idar Vik er tenestestadsleiar ved Nordre Sunnmøre politistasjon og Fjord sin politikontakt. Denne dagen er han tilgjengeleg for små og store spørsmål eller saker du vil drøfte. Stikk gjerne innom for ein prat!

Treffpunkt hausten 2026

Valldal: torsdag 3. september kl. 1000-1200
Stordal: torsdag 22. oktober kl. 1000-1200
Valldal: tysdag 24. november kl. 1000-1200
Stordal: tysdag 15. desember kl. 1000-1200

 

utandørs, politi, kommunelogo på bygning - Klikk for stort bilete opplevfjord.no