Tafjord friluftsbad har opna
Tafjord friluftsbad er ope kvar helg fram til sommarferien. Frå 23. juni er det ope kvar dag. Velkomen!
Tafjord friluftsbad ligg idyllisk til ved fjorden i Tafjordbygda.
Friluftsbadet har eit utandørs basseng som er oppvarma til 27 - 31 grader, plaskebasseng, vassklier og leikeapparat. Anlegget har garderobar med dusj og omkledningsrom og kiosk med sal av enkle kioskvarer.

Publisert 02.06.2025 18.55
Sist endra 02.06.2025 19.18