Stikk UT! Festival med teltjakt
5. - 14. september inviterer friluftsråda i Møre og Romsdal til markering av friluftslivets veke med feiring av Stikk UT! og den store turgleda som regjerer i fylket vårt.
Denne veka oppfordrar vi alle til å ta ein tur eller to til eitt eller fleire av dei 620 turmåla i Fjord og rundtom i fylket. Og ta gjerne med deg nokon på tur!
Bli med på teltjakt
Alle som registrerer Stikk UT!-tur denne veka er med i trekking av mange flotte premiar. Du treng altså ikkje registrere deg på annan måte enn at du registrerer ein StikkUT!-tur for å delta.
Kvar tur tel som eit lodd, dess fleire turar desse større vinnarsjanse!
Hovudpremien er eit 2-mannstelt frå Fjällräven (frå Norsk Friluftsliv og Møre og Romsdal fylkeskommune). Intersport stiller også med mange flotte premiar nasjonalt, og det blir også turhelsing frå dei i appen gjennom veka.
Kåring av finaste Stikk UT!-tur
I løpet av festivalveka kan ein også melde inn kva ein syns er den finaste Stikk UT!-turen i si heimkommune. Også her blir det trekt premiar blant dei som sender inn.
Les meir om kåringa og meld inn din favoritt-tur i Fjord
Sett ditt eige mål!
Sett deg gjerne dine eigne mål. Klarer du for eksempel å gå sju turar på 24 timar?
Då er det berre å knyte på seg turskoa og kome seg ut på tur i den vakre årstida.
Bli med på friluftsbingo!
Bruk friluftsbingoen til å kome deg ut i naturen og kryss av for ulike aktivitetar. Send inn før 3. november og bli med i trekinga av premiar. Friluftsbingo 2025 (PDF, 2 MB)
God tur!
Finn din Stikk UT!-tur i Fjord og rundtom i Møre og Romsdal

Publisert 05.09.2025 08.30
Sist endra 05.09.2025 08.30