Søk plass i Fjord kulturskule
Fjord kulturskule tilbyr undervisning i musikk, dans og visuell kunst. Søknadsfrist for neste skuleår er 15. mai.
Ein hobby du kan ha glede av heile livet
Å lære seg å spele eit instrument er ein hobby du kan ha glede av heile livet. Å oppleve gleda ved å meistre noko, å skape noko unikt - gjerne saman med andre, og å gje seg sjølv eit kreativt pusterom i kvardagen er med på å utvikle oss som heile menneske.
Musikk, dans og visuell kunst
Fjord kulturskule tilbyr opplæring i musikk, dans og visuell kunst. Kulturskulen er ei opplæring i tillegg til den ordinære opplæringa i skulen. Kulturskulen tilbyr også ulike prosjekt gjennom året, opplæring i samarbeid med korpsa i kommunen og tilrettelagt opplæring for elevar med særskilde behov.
Kulturskuletilbod 2026/2027
I tabellen nedanfor ser du tilboda vi har for 2026/2027. I tillegg til dette kan vi opprette kortare kurs i til dømes biletkunst. Desse vert kunngjort særskilt. For å starte opp nye tilbod i ein krins treng vi minimum 3-4 elevar hos same lærar.
Søk om plass i Fjord kulturskule
Ta kontakt med kulturskulerektor dersom du har spørsmål knytt til søknaden.
Meir informasjon om Fjord kulturskule finn du på nettsida
Kulturskulen påmelding 2026
Publisert 23.04.2026 16.05
Sist endra 23.04.2026 16.08