Lystenning

Den første desemberdagen var det lystenning i det nye drivhuset i opplevingsparken ved sjukeheimen i Valldal. No har nissane flytta inn!

Det lyser i stille grender

Det vart ei stemningsfull stund med lystenning, julemusikk, gløgg og pepparkaker på dei frammøtte. Det var også loddtrekning og Glimt stilte med gevinstar frå eigen produksjon.

Det nye drivhuset lyser så fint og du er velkomen til å stikke innom!

Det er prosjektgruppa for oppplevingsparken som inviterte til lystenninga. 
Les meir om planane for uteområdet og sansehagen.

utandørs, snø, drivhus, julelys, personar, bygning - Klikk for stort bileteLystenning i drivhuset