Det nye drivhuset som er ein del av opplevingsparken i Valldal er no tett og blir straks tatt i bruk. Det er planlagt opning før 17. mai.
Uteområde for alle
Kjetil Uri, Anna Myklebust-Robertson og Truls Villanger i drivhuset.Opplevingsparken er eit tverrfagleg prosjekt for å lage uteområdet mellom barnehagen, habilitering (Glimt) og sjukeheimen til eit lett tilgjengeleg uteområde. Målet er at dette skal vere eit møtepunkt for gode opplevingar på tvers av generasjonar og funksjonsnivå.
Drivhuset og sansehagen
Opplevingsparken er planlagt inndelt i sju soner og drivhuset er ei av desse. Her skal vi dyrke fram både grønnsaker og blomster. Det blir også plass til ei sittegruppe og ein drueranke.
Sansehagen ligg like ved drivhuset. Sansehageprosjektet har pågått i fleire år og er eit dugnadsprosjekt mellom frivillige lag og medhjelparar som kvart år ryddar og steller og sørger for at hagen utanfor sjukeheimen er eit vakkert syn.
Vi sender ein stor takk til dei frivillige som hjelper oss i arbeidet med drivhuset og driv sansehageprosjektet!
Vidare framdrift
Det er også planlagt meir aktivitet i opplevingsparken, med grønsakshage, dyr, bålplass, plass vedkløyving, fleire benkar og spelområde. Følg med!
Drivhuset i opplevingsparken i Valldal
Fjord kommune
Publisert 06.05.2025 09.37