Kan du hjelpe oss?

Trim for alle er godt i gang med god oppslutning - men vi manglar dessverre instruktørar. Vi vil gjerne kome i kontakt med personar som kan hjelpe oss med gjennomføringa.

Trim for alle er eit treningstilbod for vaksne med fokus på styrke, balanse og kondisjon. Vi har 60-70 personar som er innom trimmen fordelt på fire ulike timar kvar veke.

Trimmen for deg som vil halde deg frisk og sprek

Kan du hjelpe oss?

Vi manglar primært nokon som kan leie trimmen i Valldal på tysdagar og Eidsdal på onsdagar. Tidspunkt kan eventuelt tilpassast. Det kan vere både på fast basis og som vikar.  Det er ikkje krav om noko spesiell utdanning, men vi er på leit etter nokon som er vant til å trimme og som ønskjer å bidra slik at vi kan oppretthalde dette viktige tilbodet. 
Opplæring blir gitt. Lønn etter avtale. Ta kontakt for ein prat!

 

Trim for alle  - Eidsdal

NB! Vi manglar instruktør, så vi kan dessverre ikkje tilby trim i Eidsdal i mars/april. Vi arbeider med å skaffe ny instruktør. Dei som deltek på trimmen i Eidsdal er velkomne til å delta på trimmen i Stordal eller Valldal inntil vidare.

Trim for alle - Valldal

Vi manglar instruktør, men har klart å få til eit tilbod med intern omrokkering inntil vidare.

Annett Karluss
Fysioterapeut
E-post
Telefon 41 86 79 58
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Valldal frivilligsentral
E-post
Telefon 41 86 78 06
Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64