Folkemøte om ny arealdel

Vi inviterer til folkemøte om den nye arealdelen torsdag 11. september kl 18-20. Møtet vert på rådhuset i Valldal.

Fjord kommune har utarbeidd forslag til ny arealdel av kommuneplanen, og har sendt dette ut til høyring og offentleg ettersyn. Vi inviterer til folkemøte for å presentere planforslaget, og informere om korleis du kan kome med innspel. 

Tid: torsdag 11. september kl. 18-20

Stad: rådhuset i Valldal

Møtet vert også strøymt på nettet, slik at dei som ikkje har høve til å vere med på møtet også kan følgje med. 

Høyringsfristen er 16. oktober 2025.