Fjord søker kunstkonsulent
Fjord kommune er ein del av Kunstlandskap MIDT - det som skal bli eit nettverk av kunstverk i offentlege rom i 21 kommunar i Trøndelag og Møre og Romsdal.
Gåve til kunstverk
Fjord kommune er tildelt 2 millioner kroner gjennom prosjektet Kunstlandskap MIDT fra Sparebankstiftelsen SMN. No lyser vi ut stilling som kunstkonsulent som kan leie oss gjennom prosjektet.
Midlane frå Sparebankstiftelsen SMN er ein del av markeringa av Nasjonaljubileet 2023 og skal resultere i et varig kunstverk i landskapet. Fjord kommune er vertskap for jubileumsfeiringa i 2029, og kunstprosjektet er også knytt til prosjektet Valldal 2029.
No startar den spennande reisa fram mot det ferdige kunstverket. Første steg i prosjektet er å engasjere ein kunstkonsulent som skal følge den kunstneriske prosessen fram mot val av kunstnar og realisering av verket.
Slik søker du
Har du aktuell kunstkompetanse eller kjenner du nokon som bør søke?
Kva er Kunstlandskap MIDT
Det er Sparebankstiftelsen SMN som gir denne store gåva på totalt 50 millionar kroner til Midt-Norge i samband med Norge i tursen år - Nasjonaljubileet 2030. Målet er at Kunstlandskap MIDT blir eit bindeledd i ein nasjonal kunstnerisk akse som kan skape nye og varierte kunstuttrykk og møteplassar for å styrke lokal identitet. satsinag vert leia av Trøndelag Senter for Samtidskunst (TSSK).

Publisert 10.07.2026 12.53
Sist endra 10.07.2026 15.44