Gåve
Fjord kommune er ein av 21 kommunar i Møre og Romsdal og Trøndelag som er valt ut til å bli ein del av det nye kunstprosjektet Kunstlandskap MIDT.
Midlane blir gitt i gåve frå Sparebankstiftelsen SMN i samband med Noregs tusenårsjubileum i 2030. Gåva skal dekke kostnadane med kunstverket. Kommunen skal ta ansvar for lokal prosess og forankring.
Nasjonaljubileet 2030
Gåva er ikkje berre eit kunstverk, men også ein prosess der kvar kommune skal jobbe med verdiane som ligg til grunn for Nasjonaljubileet 2030: fellesskap, verdiar, identitet, arv og fornying.
Verdiane skal diskuterast og forankrast lokalt og danne rammene for kunstverket.
Prosjekt Valldal 2029 er også ein del av denne prosessen.
Kunst i Fjord
Kva tyrpe kunst det blir og kvar den skal plasserast, er enno ikkje avgjort. Det vil bli lagt vekt på medverknad frå innbyggjarane og kunstprosjekt som er tilpassa lokale forhold.
Fjord kommune takkar for gåva og ser prosjektet som ei spennende anledning til å koble kunst og samfunnsutvikling, og til å bygge lokal motstandskraft og beredskap.
Sparebankstiftelsen ønskjer at Kunstlandskap MIDT skal bidra til å auke interesse og engasjement rundt kunst i offentleg rom og bidra til kompetanseheving og skape fellesskap og inspirasjon.
Sparebankstiftelsen SMN: 21 kommuner er valt ut til Kunstlandskap MIDT!