Brannvesenet minner om at open eld i skog og utmark er forbode i perioden 15. april til 15. september. Sjølv små gnistar kan starte stor brann. Meld frå om skogbrann til telefon 110.

Din eld, ditt ansvar
Frå 15. april gjeld det nasjonale bålforbodet. Det betyr at du ikkje skal gjere opp eld i skog og utmark, med mindre det åpenbart ikkje kan føre til brann.
Det er svært tørt mange stadar i bygdene våre, og sjølv små og tilsynelatande kontrollerte bål kan raskt utvikle seg og medføre stor fare.
Viktige hugsereglar
Sjølv små gnistar kan starte stor brann
Gå aldri frå eit bål utan å sløkkje det først
Ser du røyk? Ring 110
Bålbrenning
Retningslinjer for bålbrenning i Fjord kommune.
Fare for skogbrann
Open eld i skog og mark er forbode frå 15. april til 15. september.
Skogbrann - plakat
Publisert 21.04.2026 12.11
Sist endra 21.04.2026 12.11