Dalsbygda markerte barnehagedagen
Dalsbygda barnehage markerte barnehagedagen med å gjere det barna synest er kjekt, nemleg å leike.
Markering av barnehagedagen
11. mars fylte barnehagendagen 20 år og det vart markert med slagordet “La Leiken leve” som tema.
I storavdelinga ved Dalsbygda barnehage vart dagen feira dagen med rolleleik med kostymer og inventar som rekvisittar, regelleikar i gymsalen og til slutt dramatisering av dei tre bukkane Bruse og leik i snø nede på fotballbana.
Barnehagen laga også ei bildeutstilling for å vise dei ulike leikekategoriane der barna er i aksjon. Dette for å vise kor mangfaldig og utviklande barn sin leik er.
Barnehagedagen fyller 20 år og tema leik har vore ein raud tråd i alle desse åra.
Dette legg barnehagen vekt på i barn sin leik
Dei vaksne legg til rette og passar på at alle får delta i leiken. Leik vert brukt i organiserte aktivitetar som metode for språkstimuleirng og for å belyse eit tema og gjere det meir spennande. Leik er med på å skape samhald og bygge relasjonar ved å organisere økter med regelleikar som er så enkle at alle kan delta. Etter kvart organiserer og igangset barna slik leik sjølv.
Publisert 21.03.2025 13.25